thumbnail_nettside om bilmuseum omvising ..jpg

Om museet

Om Bjarne Lerums Bilmuseum.

Ei bilsamling som tel 24 bilar. Bilar, gamle som nye var Bjarne sin store lidenskap. 
Bil som i utgangspunktet var satsingsområdet til Bjarne, vart den kjære hobbyen og mange av bilane restaurerte Bjarne sjølv.  
I 2010 døydde Bjarne 69 år gamal.
Døtrene overtok bilsamlinga, og tek med det vare på Bjarne sin store lidenskap. Saman med barnebarna held dei bilsamlinga ved like, og har ope for omvising etter avtale. 
For å få vist fram bilsamlinga som den kulturskatten den er, har vi no gleda av å kunne tilby utleige av møterommet.
For leige av møterom og/eller omvising, ta kontakt .

I ung alder vart bilar av stor interesse for Bjarne. Bjarne var 11 år gamal då Lerum fekk den første eigne bilen i 1952. Det var ein 36-37 modell Ford V8.

I tillegg til bilinteressa, hadde Bjarne tidleg eit vake auga for teknikk og alt teknisk. Då han var 12 år gamal konstruerte han ei maskin som rørte tyttebær.

I Sogndal begynte han å jobbe på Autoen i bilmekanikarlære, og fortsatte til Oslo der han jobba på eit delelager for Mercedes. Det var der han fekk Mercedes-basillen. Bjarne jobba i to år på delelageret, før han søkte på teknisk utdanning i Sverige. Han gikk på maskin- og motorlinja i Gøteborg. Etter endt utdanning fekk Bjarne jobb på atomsenteret på Actebus i Belgia på Eurokjemi. Frå 1964 og fram til 2010 bygde Bjarne opp familieverksemda saman med broren Kåre som 3. generasjon Lerum. Bil som i utgangspunktet var satsingsområdet til Bjarne, vart den kjære hobbyen istadenfor. 

Restaurering av bilar vart som energipåfyll for Bjarne, og ei avkobling i ein svært så travel kvardag i familiebedrifta Lerum.

I dag er bilsamlinga open for publikum etter avtale.